Mjølkebønders kvotetak må halveres!
Det einsretta fokuset på kostnadseffektivisering i mjølkeproduksjonen har gått for langt!

Vi har ingen mjølkebønder å miste
For å ivareta god ressursnytting og god dyrevelferd treng me fleire hender i jordbruket. Strukturrasjonaliseringa og det einsretta fokuset på kostnadseffektivisering i mjølkeproduksjonen har gått for langt. Dette gagnar verken dyrevelferda eller resursnyttinga. Grøn Ungdom ser med uro på at mjølkekvotane, og dermed mjølkeproduksjonen, i større grad har flytta seg frå marginale områder, typisk i distrikta, til meir lettdrivne areal, som er betre egna til å dyrke menneskemat direkte. Mjølkeproduksjonen treng eit økonomisk løft, og må i mykje større grad ta tilbake beitebruken i inn- og utmark, samt stølsproduksjon. Mjølkekvoteordninga er ei svært viktig marknadsregulerande tiltak som aktivt må brukast til å oppnå desse måla, og ikkje motverke dei, slik det er blitt med dagens liberaliserte modell.
Grøn Ungdom vil
Endre kvoter
1. Redusere kvotetaket for mjølkeproduksjon, frå dagens nivå på 900 tonn, til 400 tonn for kumjølk og til 200 tonn for geitemjølk, utan tilbakeverkande kraft. 2. Gjenopprette ordninga for etableringskvoter for å sikre rekruttering av nye mjølkebruk. 3. Stimulere til seterdrift og utmarksbeitebruk ved å tildele etableringskvote på 100 tonn til mjølkebruk som skal hente ein definert del fôret frå utmarksbeite. Dette kan eksempel oppfyllast ved å drive med seterdrift. 4. Fase ut ordninga for ope kjøp, sal og leige av mjølkekvoter og overføre forvaltninga av kvotene til staten. 5. Sørge for at kvotene på sikt samsvarer med ressursgrunnlaget og sikre ein desentralisert struktur, med animalsk produksjon fortrinnsvis i distrikta og marginale strøk. 6. Ha ein låg fastpris eller ingen pris på mjølkekvoter, slik at det blir eit reint produksjonsløyve, og ikkje eit spekulasjonsobjekt. 7. Ved tildeling av kvoter skal bruk i distrikta med egna ressursgrunnlag bli prioritert, jamfør mål om auka utmarks- og seterproduksjon. 8. Utrede behov for overgangsordning fra dagens system til det nye, og opprette dette etter utredningskomiteens avgjørelse.
Tilrettelegge for drift
1. Auke driftstilskotet for mjølkebruk med 100 000 kr for å sikre at dei små og mellomstore mjølkebruka skal gå rundt økonomisk. 2. Ha som statleg mål at det skal vere minst 10 000 mjølkebønder i Norge. 3. Sikre investeringspakke for alle båsfjøs for ombygging til det nye lausdriftskravet, 2034, utan krav om auka produksjon på garden. 4. Stille krav om at matjord og utmark ikke bygges ned, slik at man fortsatt kan ha et levedyktig landbruk i hele landet.

Bli med i kampen for mjølkebøndene!
Meld deg inn i Grøn Ungdom