Forbrukslån
Casinor.com

– 8. mars minnar oss om arven me skal skjøtte

Talsperson i Grøn Ungdom, Ingrid Ophaug Dahl, har skrive eit innlegg om jamstillingsdebatten for å markere kvinnedagen 8. mars. 

I dag er det 8 mars. I år har kvinnekampen på mange vis fått ei ny fødsel gjennom KrFs samarbeid med regjeringa. Interessa kring reservasjonsretten har vore overraskande høg, og mykje større enn det engasjementet me ofte ser rundt jamstillingsspørsmål.

Denne merksemda gjer det tydeleg at interessa for, og motsetningene i jamstillingsdebatten på ingen måte har forsvunne. Det ligg berre der og venter på noko å samle seg om. Frustrasjonen over skjeivskapar, fordommer og urettferdige sosiale strukturer ligg der. Kanskje er det berre ikkje så lett å finne enkeltsaker å samle seg rundt?

Kvifor er det eigentleg slik? Det finst ei rekkje problemstillinger me alle må kunne verte einige om i jamstillingspolitikken. Til dømes at ungdommar vert lasta med eit kroppsideal som gjer dei sjuke. Eller at dei folka som oftast er synlege i media, stort sett alltid er menn.

I 2014 er det slik at ein del av dei strukturane som skapar ubalanse mellom kjønna er nærast usynlige – og av di vanskelegare å tala mot. Det er til dømes neimen ikkje lett å peike på kven som bærer ansvaret for at kvinnekroppen vert objektivisert i media, reklamebransjen og bloggosfæren. Sosiale strukturar kan vera vanskelegare å opponere mot enn juridisk urettferd eller konkrete politiske forslag.

At folk over heile Noreg står opp mot reservasjonsretten er viktig. Det er fint å sjå at mange samlar seg for å verne om rettane til kvinner  i ein sårbar situasjon. Seinast i dag, på Youngstorget, markerte titusen menneske denne dagen, og denne saka. Oppropet handlar om å sørge for at disse kvinnene skal kunne nytte sine lovfesta rettar utan å måtte gå tungvinte omvegar.

Samstundes er det synd at det er mest utelukkande denne saka som vekkjer jamtillingsdebatten. For me som er kvinner av 2014 har ei stor arv å skjøtte. Dei siste 40 åra har vore prega av utallige visjonære, uredde kvinner som, mot alle odds, har tatt risikable val, og bana vegen for oss som i dag lev i eit av dei mest jamstelde landa i verda. Våre mødre har vore radikalt risikovillige. Me skulder dei, og våre søstre i alle land, å ta til ordet mot både synlege og usynlege strukturar som skapar kjønnsleg ubalanse.

Leave a Reply