Forbrukslån
Casinor.com

Grøn Ungdom vitja Grön Ungdom

Helga 21. til 23. februar gjekk riksårsmøte til Grön Ungdom av stabelen i Skövde utanfor Göteborg. Grøn Ungdom var godt representert på bakarste benk, med talspersonar Ingrid Ophaug Dahl og Hallvard Surlien, arbeidsutvalsmedlemar Anna Kvam og Lage Nøst, medlem i internasjonalt utval Marie Storli og internasjonal kontakt John Slinning Jannesson.

I Sverige skal dei både driva valkamp opp mot lokalval og parlamentsval i september, der Miljöpartiet tek sikte på gå inn i regjering for første gong. Men før den tid er det allereie i mai duka for valkamp knytta til parlamentsvalet i EU. Me i Grøn Ungdom gler oss til å hjelpa til.

– Grøne parti tek for seg utfordringar som forutsett samarbeid utover landegrensene. Eit solid internasjonalt samarbeid er sentralt. Det er naudsynt og verdifullt at både norske og svenske miljøpartister arbeider aktivt med kvarandre og saman med våre europeiske søsterpartier. Europa treng sterke grøne representantar i nasjonale parlament og EU-parlamentet, seier internasjonal kontakt i Grøn Ungdom John Slinning Jannesson.

På Riksårsmötet vart det vedteken at Grön Ungdom sine viktigaste kampsaker fram mot valet i september er klima og likestilling. I det endå nærare EU-valet set dei fokus på klima og migrasjon. Talsperson i Grøn Ungdom, Ingrid Ophaug Dahl, meiner me har mykje å lære av vårt svenske søsterparti, men at dei og kan lære litt av oss.

– Grön Ungdom har ein solid politikk på likestilling, og kjem til å fronte denne saka sterkt gjennom Miljöpartiet i valkampen som kjem. Medan me i Noreg kan lære mykje av naboane våre på dette politikkområdet, kan kanskje Grön Ungdom ta med seg noko av den kreativiteten som dreiv oss i valkampen i haust, og som resulterte i eit historisk gjennombrot, avslutter Ophaug Dahl.

Les kva Grön Ungdom sine språkrör har å seie om Riksårsmötet her

Lik internasjonalt utval på facebook for meir informasjon om samarbeid med andre grøne partier:

https://www.facebook.com/YouGreenNor?fref=ts

Leave a Reply