Landsmøtet fann stad i kulturhuset Hausmania i Oslo, rett ved Akerselva. Det blei eit innhaldsrikt møte, der me mellom anna fekk besøk frå det svenske Grön Ungdom, som er store i Sverige. Dei kunne fortelje om korleis dei hadde bygd opp ungdomspartiet. I tillegg blei det valt eit nytt landsstyre, fordelt oppgåver og gjort vedtekter.
Det nye landsstyret består av:
- Anna-Thea Riisager, nasjonal talsperson
- Henrik Gimle, nasjonal talsperson
- Alette Elvenes, internasjonal kontakt
- Jarle Fagerheim, økonomiansvarleg
- Martin Nygård Haug, nettansvarleg
- Julie Elmkvist, 1. vara
- Victor Berglyd, 2. vara
- Jon Torger Hetland Salte, 3. vara
På laurdagskvelden heldt dei svenske representantane konsert.
Ja, dette var tider! Men takk og pris for nye tider!