Furuseth har bakgrunn som fylkesleiar i Hedmark Natur og Ungdom, og er 2. kandidat på stortingslista for MDG i Hedmark. Ho er den fyrste som nokon gong er vald til leiar i Grøn Ungdom, som tidlegare hadde to nasjonale talspersonar som politiske frontfigurar.
Organisasjonssaker stod i fokus under landsmøtet som fann stad på Røkleivhytta i Nordmarka ved Oslo. Landsmøtet vedtok å oppretta eit arbeidsutval som skal leia organisasjonen fram mot neste landsmøte. I tillegg til Furuseth og Qvigstad er dei faste medlemene i arbeidsutvalet Henrik Gimle (organisatorisk leiar), Lika Diouf (internasjonal kontakt), Ole Kristian Grønneng (økonomiansvarleg), Silje Wiik Nielsen og Øyvind Aukrust.